logo
Stathelle
overlag

Staten inn i Skanled

Printer
Staten har i dag bestemt seg for at Petoro kan gå inn med inntil 30 % i prosjektet som vil realisere Skanled. Skanled er eit gassrøyr som skal gå frå Kårstø i Rogaland til Grenland og til Sverige og Danmark. Røyret gjer det mogleg å eksportere gass til Sv

 Statsminister Jens Stoltenberg og olje- og energiminister Terje Riis-Johansen tok i mot hilsner fra en telemarksdelegasjon. Fra venstre Jan Thorsen (leder Telemark SP), Andreas Kjær (Telemark Gassforum), statsråden, statsministeren, Øystein Beyer (ordfører Porsgrunn (Ap)), Frank Bakke (Herøya Arbeiderforening) og Sigbjørn Molvik (leder Telemark SV).

- Vi er i økonomiske nedgangstider, med uro for auka arbeidsløyse. Skanled er viktig for sysselsetjing og verdiskaping i Noreg. Regjeringa følgjer difor prosjektet tett, seier olje- og energiminister Terje Riis-Johansen.

- Eg er oppteken av framdrifta i Skanled. Difor har staten i dag bestemt å gå inn som deltakar i prosjektet som vil realisere Skanled om det er naudsynt. Skanled er viktig for å leggje til rette for industriell utvikling i Noreg og å auke gasseksportkapasiteten til Europa, seier Riis-Johansen.

Skanled er eit komplisert prosjekt, og det er framleis utfordringar som står igjen før prosjektet kan bli realisert. Prosjektet er inne i ein kritisk fase for å nå planen om innlevering av søknad om godkjenning av plan for anlegg og drift 1. april 2009. Dersom nokon av selskapa i pre-interessentskapet reduserer eller trekk andelane sine utan at eksisterande eigarar eller andre investorar tek over desse, vil dette føre til at prosjektet ikkje har finansiering og den vidare framdrifta i prosjektet kan vere usikker. Regjeringa si avgjerd er difor viktig for den vidare framdrifta i prosjektet.

Petoro deltek i prosjektet på vegne av Statens direkte økonomiske engasjement (SDØE).

 

 

Publisert
13.02.2009
Sist endret
13.02.2009
Del |

Kontakt oss

Sentralbord: 35 96 50 00

Postadresse
Postboks 80, 3993 Langesund
Besøksadresse
Rådhuset, Kirkeveien 12, Langesund

Servicetorget hjelper deg

postm...@bamble.kommune.no

BEREDSKAP

Webredaktør: Robert Lien Pettersen    Webmaster: Tor Holm     Information in English  Tysk flagg           Org.nr.: 940 244 145                      Kommunenr. 0814