01.01.2004 overtok kommunane forvaltningsansvaret for økonomiske virkemiddel til spesielle miljøtiltak i landbruket og til nærings- og miljøtiltak i skogbruket. Kommunane fikk òg delegert mynde til å ta avgjerd i dei aller fleste søknader etter jordlova, skogbrukslova, konsesjonslova og odelslova (bu- og driveplikt).
Miljømidlane i landbruket og skogmidlane vert frå i år fordelt frå Fylkesmannen til dei einskilde kommunane m.a. på grunnlag av tiltaksstrategiar for den einskilde kommune.
Miljømidlane omfattar ordningane STILK (Spesielle tiltak i landbrukets kulturlandskap), IMT (Investeringsstøtte til miljøtiltak), MOMLE(Miljøretta omlegging i kornområder) og Områdetiltak. Skogmidlane omfattar skogkulturtiltak, tilskudd til særlege miljøhensyn, andre nærings- og miljøtiltak, skogsvegbygging og tilskudd til skogbruksplanlegging.
Bakgrunnen for endringane er eit ynskje frå Storting og regjering om å styrke det lokale sjølvstyret, vitalisere lokaldemokratiet og gje kommunane betre høve til heilskapleg landbrukspolitikk samanheng med andresamfunnsoppgåver.
Kommunen har har ansvar for utarbeiding av den lokale tiltaksstrategien for kommunen og har etablert ei strategigruppe til dette arbeidet
På denne linken kan du lese mer om kulturlandskap.
Nettstedet har som visjon å være en aktiv nettverkskoordinator for innsamling og formidling av fagstoff om kulturlandskap og kulturminne i lokal, nasjonal og nordisk sammenheng.